Se også: |
---|
Under onsdagens generalaudiens på Petersplassen kom pave Benedikt XVI inn på 500-årsminnet for Asia-misjonæren Frans Xavier sin fødsel. Frans, som var ein av grunnleggjarane av jesuittordenen, føddes den 7. april 1505. Benedikt XVI sa at "Frans Xavier har opna mange dører for Kristus".
Deretter kommenterte paven den baskiske organisasjonen ETA si våpenkvile på fylgjande vis:
- Eg ber dykk om å gå i bøn for at Baskerland og heile Spania må få oppleve ei konsolidering av det fredshåpet som no har oppstått. [RED: Som fylgje av våpenkvila]. Eg har von om at dei hindringar som framleis måtte stå i vegen for varig fred, må verte rydda bort.
Ein talsmann for sosialistregjeringa i Spania retta i dag takk til paven for hans erklæring i denne saka. I Spania er det imidlertid førebels uvisst om kyrkja kjem til å bidra aktivt i fredsarbeidet mellom den spanske regjeringa og ETA. Biskopen av det baskiske Bilbao, Ricardo Blazquez, som samstundes er formann i den spanske bispekonferansen, har omtalt våpenkvila som "eit håpets teikn" og har i forsiktige ordelag gjort det klart at kyrkja er budd på å bidra aktivt i fredsarbeidet. I fylgje media skal imidlertid andre biskopar har avvist tanken om kyrkjeleg innblanding i fredsprosessen.
Vatikanradioen, 5. april 2006 (6. april 2006)