For meir enn halvparten av alle tyskarar er pave Benedikt XVI eit personleg førebilete. 55 % av alle tyskarar karakteriserar paven som "eit ekte førebilete og som ein person som det er verdt å beundre". Dette kjem fram gjennom ei representativ spørjeundersøking som er utført av meiningsmålingsinstituttet "Forsa" på oppdrag av fjernsynskanalen "Deutsche Welle". I aldersgruppa 14-29 år såg 51% på pave Benedikt XVI som eit personleg førebilete.
Enno større beundring enn for paven syner imidlertid tyskarane for Dalai Lama og Kofi Annan; fyrstnemnde vert omtalt som personleg førebilete av 61% av tyskarane, medan Kofi Annan oppnår tilslutning frå 56%.
I sine patriotiske kjensler er det tyske folket splitta i pavespørsmålet. 45% av tyskarane uttalar at dei er stolte over at ein tyskar er pave, medan 48% svarar nei på dette spørsmålet.
Kathpress, 6. september 2006 (11. september 2006)