Hopp til hovedinnhold
Publisert 4. desember 2006 | Oppdatert 6. januar 2011

Pave Benedikt XVIs apostoliske besøk til Tyrkia:

Pave Benedikt XVI si reise til Tyrkia vart i fylgje kuriekardinal Walter Kasper "ein total suksess". I fylgje kardinalen, som er president i "Det pavelige råd for kristnes enhet", gjekk reisa langt betre enn kva ein kunne ha forventa.

Under møtet med den økumeniske patriark Bartholomeus I la både pave og patriark vekt på målsetjinga om ei fordjuping av den økumeniske dialogen. Også Peter-tenesta, (med andre ord pave-embetet si rolle i kyrkja), vil verte tematisert som del av den økumeniske dialogen. I tillegg til dette har ein vorte samde om eit samarbeid for å styrke dei kristne verdiane i Europa, samt sagt seg viljuge til å samarbeide rundt freds-, rettferds og miljøspørsmål.

I fylgje kardinal Kasper si oppfatning har Tyrkia-reisa også medverka til å forbetre kontakten med islam. Paven framstår no som meir sympatisk enn tidlegare blant moderate muslimar, noko som ikkje minst har kome fram gjennom den positive pressedekninga. Muslimane la spesiell vekt på pave Benedikt si vitjing til Den blå moské. Under opphaldet i moskeen stod paven eit augeblikk i taus konsentrasjon framfor moskeen si bønenisje.

- Om paven ved dette høve ba, kjenner eg ikkje til, svarar kardinal Kasper som svar på eit spørsmål om dette.

Kardinal Kasper avviste imidlertid statsminister Erdogan sin påstand om at paven hadde uttalt seg positivt om tyrkisk EU-medlemsskap. Paven hadde i samtalen med Erdogan gjort det klart at Den heilage stolen ikkje representerer ei politisk makt, og at Vatikanet heller ikkje er medlem av EU. Difor ville heller ikkje paven uttale seg direkte om tyrkisk EU-medlemsskap.

- Paven si reise har også medverka til å forsterke fokuset på situasjonen til det kristne mindretalet i Tyrkia, påpeiker kardinalen vidare.

- Paven har under opphaldet i Tyrkia teke klart og tydeleg til orde for religionsfridom og respekt for minoritetar. Han har også lagt vekt på at kristne burde medverke aktivt til landets felles ve og vel som gode samfunnsborgarar. Ei forbetring av dei kristne sin vanskelege situasjon og spesielt ei forbetring av kyrkjesamfunna sin juridiske situasjon kan berre verte oppnådd gjennom tålmodige forhandlingar, avslutta kardinalen intervjuet med "Kathpress".

Kathpress, 3. desember 2006 (4. desember 2006)